Fleire elevar blir borte frå skulen

Fleire barn og unge er mykje meir borte frå skulen no enn før. Nokre får det så vanskeleg at dei ikkje klarer å vere i klasserommet.

Sidan 2020 har det vore ein kraftig auke i bekymringsfullt skulefråvær, ifølgje ein rapport frå Utdanningsdirektoratet.

Ei mor fortel om sonen sin som fekk det svært vanskeleg på skulen.

– Det var betre å sitja under pulten eller å låsa seg inne på do, seier ho til NRK.

Det finst fleire grunnar til at elevar ikkje klarer å gå på skulen. Nokre opplever angst, som er sterk uro eller redsle. Andre kan bli mobba eller trivst ikkje. Nokre har diagnosar som ADHD eller autisme, som kan gjera skulekvardagen ekstra krevjande.

– For mange elevar kan det tyda på at dei ikkje har det trygt og godt på skulen, seier Monica Sydgård i Utdanningsdirektoratet til NRK.

Mange av elevane ønskjer eigentleg å gå på skulen, men klarer det ikkje. Når det skjer, blir det ofte kalla skulevegring.

Forskarar og lærarar er bekymra fordi fleire elevar er borte over lang tid, og fordi nokre fell heilt ut av skulen. Dei meiner det er viktig å oppdaga problema tidleg og lytta til elevane.

– Det er svært viktig at ein kjem tidleg inn, snakkar med eleven og faktisk lyttar til det dei sjølve har å seia, seier Sydgård.

Dersom du som les dette, synest det er vanskeleg å vera på skulen, er det viktig å vita at du ikkje er åleine. Det kan hjelpa å snakka med ein vaksen du stolar på, som ein forelder, lærar eller ein annan trygg person.