Reisa i tida – til då ingen hadde mobil

Eg har ein følelse av at dette var ein dårleg ide. Ein veldig, veldig dårleg ide. Eg ser meg rundt. Tidsmaskina har sent meg tilbake til 1990!

Eg er i ein liten landsby. Det går folk langs vegen, både vaksne og barn. Det ser ikkje ut som at nokon har lagt merke til meg. Det er eigentleg litt rart med tanke på kleda mine, med sterke og klare fargar. Eg er litt usikker på om dei i det heile tatt kan sjå meg.

Eg begynner å gå, og ser meg rundt. Når eg kjem ned gata ser eg ein leikeplass. Det er masse ungar der, og når eg tenker meg om har eg sett mange andre unger rundt i gatene. Det verkar som at alle er ute, ingen sitt inne. Eg står og ei stund og observerer. Dei ser glade ut, det ser ikkje ut som om dei mangler noko.

Eigentleg synest eg det er litt rart. Ingen av dei har mobil, eller eigen i alle fall. Det er vanskeleg å førestille seg det livet dei lever.

Livet deira er heilt annleis enn det vi kjenner til.

Eg står der lenge. Ingen av ungane går. Ingen får melding om at no må dei kome heim. Eg synest dei er heldige, det er ingen som kan kontrollere når dei må kome heim, kva dei kan gjere eller kvar dei er.

No er det på tide å kome seg heim til vår tid, 2026. Sjølv om eg ikkje har min eigen mobil, har eg no skjønt kor mykje ein blir påverka av den i kvardagen. For mange verkar det nesten utenkjeleg og umogleg å ikkje ha mobil. Tenk alle dei ungane frå leikeplassen. Dei overlevde, jo! Tenk kor avhengige verda har blitt. Det er blitt heilt umogleg å fjerne mobilen no.

Mobilen er jo bra på mange måtar òg. Ein må berre tenke over korleis ein bruker han, og sjå dei andre rundt seg. Ta deg ein tur på leikeplassen utan mobilen. Det er ei oppmoding frå meg!

Denne teksten er ein av vinnarane av skrivekonkurransen til Framtida Junior og Stiftelsen Lese i samband med Tid for ti-aksjonen.