Florence via livet sitt til å forbetre sjukehus, behandlingar og ikkje minst så viste ho at jenter kan gjere andre ting enn å føde barn og lage mat.
Ein av Florence sine viktigaste bragder er kanskje då ho hjalp til under Krimkrigen. Då Krimkrigen braut ut i 1853 bestemte ho, og kring 40 andre erfarene sjukepleiarar seg for å dra til ein feltbase i Istanbul for å hjelpe skadde soldatar.

Det å reise tilbake til då Florence levde trur eg at eg kunne lært noko om nestekjærleik av denne kvinna. Kvinna som via heile sitt liv på å redde liv. Kvinna som trassa alle og beviste at ho kunne.
Det å reise til eit anna land med krig for å hjelpe til er veldig farleg. Men det beviser berre nok ein gong den kjærleiken Florence hadde for verda og folka som levde på grunn av ho.
Eg vil dra tilbake til då Florence levde for å lære av ho. For å oppleve og lære av den kjærleiken og den omsorgen ho hadde for andre. Den omsorgen som endra verda. I tillegg vil eg ta med meg medvitet og viljestyrken hennar som gjorde alt det ho utretta mogleg, tilbake til notida. Så vil eg også påverke verda i like stor grad som ho gjorde.




















