Hellas vil forby sosiale medium for barn under 15 år

Politikarar i Hellas planlegg no å forby sosiale medium. Statsministeren seier at dei vil ha eit slik forbod for å ta betre vare på barna.

Hellas
  • Land sør i Europa
  • Hovudstad: Athen
  • Innbyggjartal: 10, 4 millionar
  • Språk: Gresk
  • Høgaste fjell: Olympos
  • Nasjonaldyr: delfin
Illustrasjon: Pixabay

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Den nye lova som forbyr sosiale medium for barn under 15 år, vil truleg bli gjeldande frå i sommar, skriv AP News.

Lova vil gjelde sosiale medium der ein kan lage seg brukarar, samhandle med einannan og dele innhald. Til dømes gjeld dette Facebook, Instagram og TikTok.

Det er dei ulike sosiale medium-plattformene som sjølve vil ha ansvar for at barn i Hellas ikkje bruker dei. Om lova ikkje blir følgt, vil plattformene få bøter.

Vil vareta unge si mentale helse

Statsministeren i Hellas Kyriakos Mitsotakis seier at dette er barn og unge sitt beste, då han meiner mykje bruk av sosiale medium kan føre til stress, bekymringar og lite søvn.

– Eg trur mange unge kjem til å bli sinte no, men vår rolle er ikkje å vere greie. Om noko gjer at vi føler oss engstelege eller dårlege, så er det kanskje best å sette ein stoppar for det, sa statsministeren.

No håpar han fleire land i Europa vil gjere som Hellas.