
I Noreg finst det 500 ulike fugleartar. Mange av desse fuglane er trekkfuglar.
Trekkfuglar er fuglar som flytter seg mellom ulike område i løpet av året. Dei har eitt område der dei legg egg og får ungar og eitt område der dei oppheld seg om vinteren.
Mange fuglar kjem til Skandinavia om sommaren fordi dagane her er lange og ljose. Det gjer at det er lett å få tak i mat dei kan gi ungane sine.
Om vinteren er det for kaldt for fuglane å vere her og vanskelegare å få tak i mat, og då flyg dei sørover til område nær ekvator. Ekvator er midt mellom nordpolen og sørpolen.
Vêrfuglar

Trekkfuglane er inndelt i to grupper. Den eine typen er vêrfuglar. Dei flyg ofte til Noreg tidleg på våren, og trekkjer sørover seint på hausten.
Dei skjøner når dei skal flytte på seg ved hjelp av vêret, og da spesielt temperaturen. Når det blir kaldt i Noreg trekkjer fuglane sørover og når det blir varmt, kjem fuglane tilbake hit.
Mange artar i denne gruppa kan finne på å bli i Noreg heile vinteren. Dette heiter partiell migrasjon. Fuglar som raudstrupe og svarttrost er vêrfuglar.

Instinktfuglar
Den andre gruppa trekkfuglar er instinktfuglar. For dei er det lengda på dagen som avgjer når dei skal flytte på seg.
Desse fuglane trekkjer mot Skandinavia og Noreg når dagane her er lengre enn der dei oppheld seg i sør. Dette er gjerne seint på våren.
Instinktfuglane trekkjer sørover når dagane begynner å bli korte igjen, noko som kan vere så tidleg som juli. Døme på instinktfuglar er gjøk og raudnebbterne.
Liste over nokre av Noregs trekkfuglar

Gråtrast
- Forventa framkomst: (mars -) april – mai
- Forventa avreise: september
- Trekkjer til Storbritannia og sørover i Europa
Stær
- Forventa framkomst: (februar -) mars – april
- Forventa avreise: september – oktober

Bokfink. Foto: Pixabay - Trekkjer til Storbritannia og nordlege delar av Frankrike
Bokfink
- Forventa framkomst: mars – april
- Forventa avreise: september
- Trekkjer til Vest-Europa
Tjeld

- Forventa framkomst: (februar -) mars
- Forventa avreise: juli – august
- Trekkjer til England, Tyskland og Nederland
Linerle
- Forventa framkomst: (mars -) april
- Forventa avreise: august – september
- Trekkjer til Sør-Europa og Nord-Afrika

Raudnebbterne. Foto: Pixabay
Raudnebbterne
- Forventa framkomst: mai-juni
- Forventa avreise: august – september (- oktober)
- Trekkjer til Antarktis
Gjøk
- Forventa framkomst: mai – juni

Svartrast. Foto: Pixabay - Forventa avreise: august (- september)
- Trekkjer til Afrika sør for Sahara-ørkenen
Svarttrost
- Forventa framkomst: mars – april (- mai)
- Forventa avreise: september – oktober
- Trekkjer til Storbritannia og nordlege delar av Frankrike
Raudstrupe

- Forventa framkomst: mars – april
- Forventa avreise: september – oktober
- Trekkjer til Sørvest-Europa
Grågås
- Forventa framkomst: mars – april
- Forventa avreise: september (- oktober)
- Trekkjer til Spania
Kjelde: Wikipedia.org






















