Framtida Junior møter Arina (10), Darja (9) og Polina (10) saman med læraren Artem. Han hjelper med å omsetje frå norsk til ukrainsk for barna og ukrainsk til norsk for journalisten.
Arina har budd i Noreg i to år, Darja har budd her i cirka tre år, men drog ifrå Ukraina for fire år sidan. Polina drog rett frå Ukraina til Noreg for seks månadar sidan.

Kulde og akebakkar
Det er fleire ting Arina, Darja og Polina likar med den nye bustaden i Sogndal.
– Det beste med Sogndal er skulen og mange vener, seier Arina.
– Ja, det finst mange vener her, og ukrainarar, seier Darja.
– Bra utsikt, legg Polina til.

Det utløyser ein samtale på ukrainsk med mange glade uttrykk. Heilt til dei kjem på kulda. Den er ikkje Darja og Arina så glad i, men Polina likar kulda godt. Og sjølv dei to andre syns det er fordelar med snøen.
– Akebakke og akebrett likar dei, fortel lærar Artem.
– Ski, tilføyer Polina. Det har ho gått på og det likar ho.
Hadde ti hamsterar
– Føler de dykk heime i Noreg no?
Alle tre reagerer med eit varmt «ja».
– Det er til og med betre, seier Arina.

Sjølv om det er godt å vere barn i Noreg, er det noko dei saknar.
– Eg saknar kjæledyra mine, seier Polina. Ho hadde ein hund og ein katt.
Alle tre hadde kjæledyr. Arina hadde ti hamsterar, som er daude, alle saman.
– Eg har to hundar og ein katt. Dei lever framleis, og blir passa på av ei veninne til mora mi, fortel Darja.
Hugsar ikkje ein vanleg dag
Darja kjem frå landsbyen Khrystynivka, Polina frå Zaporizjzja og Arina frå Kharkiv.
Dei fortel at dei ikkje hugsar korleis ein vanleg dag var i Ukraina før krigen. Men dei hugsar første dagen av krigen.
– Vi trudde det var fyrverkeri, seier Arina. Kharkiv ligg langs grensa mellom Ukraina og Russland.

Arina, Darja og Polina likar seg godt i Noreg, og nokre ting tykkjer dei er betre her i nord, men dei saknar heimlandet sitt.
Tre kjappe
Det beste med Noreg er…
– Skulen og mange vener, seier Arina.
– Bra utsikt, seier Polina.
– Mykje natur og skog, seier Arina.
– Alle fjella, seier Darja.

På fritida gjer de…
– Lekser, seier Arina.
– Søv, seier Polina.
– Speler på PlayStation, seier Arina.
– Speler på telefonen, seier Darja. Det gjer Polina òg.

I framtida skal de…
– Vere god i norsk, seier Arina.
– Bli kunstnar, seier Darja.
– Bli grafisk designar, seier Polina.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.






















