Heimstaden vår: Midsund

Emmie Havnen Arnegård (11) og Eirik Jenset Lous (12) bur i Midsund – ein plass beståande av fleire øyer. Her fortel dei om korleis det er å vekse opp på desse øyane utanfor Molde.

Midsund
  • Øykommune i Møre og Romsdal fylke, fram til 2020.
  • Midsund, som består av øyane Otrøya, Midøya, Dryna, Magerøya og Tautra, er no ein del av Molde kommune.
  • Innbyggjartal: 2019
  • Landareal: 94 kvadratkilometer
  • Innbyggjarnamn: Midsunding eller midsundværing

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva er det beste med å bu i Midsund?

Emmie: – Det beste med å bu i Midsund er at vi har masse natur og fjell. Det er også fint at det ikkje er så stort her, så dei fleste kjenner kvarandre, seier «hei» og er snille med kvarandre.

Eirik: – Det beste med å bu her er at alle kjenner alle. Det er fint at det ikkje er grupper, men at alle er venar.

EMMIE HAVNEN ARNEGÅRD: På fritida held Emmie på med handball, fotball og riding. Ho dreg inn på fastlandet, til Molde, ein gong i veka for å ri. Foto: privat

Kva er favorittplassen din i Midsund?

Emmie: – Favorittplassane mine i Midsund er Midsundtrappene. Det er så fint å kome seg ut i naturen og få frisk luft og fin utsikt. Det får ein gjort når ein går trappeturar. Vi er kjent for steintrappene her.

Eirik: – Min favorittplass er fotballbana, fordi det er på kunstgrasbane eg har det gøy, speler fotball og lærer nye triks.

EIRIK JENSET LOUS: I tillegg til å spele dataspel med venner og spele piano og fiolin, brukar Eirik fritida si på å spele fotball for Midsund G12 og G13. Foto: Peggy Jenset Lous

Kva burde barn og unge som er på besøk i Midsund finne på?

Emmie: – Barn og unge kan dra på dei fine leikeplassane vi har her eller gå tur. Vi har også mange fine plassar å bade her. Vi har eit innandørs badebasseng som er ope fredagar. I tillegg er det fleire fine plassar ute der det er fint å bade på sommaren, når det er fint vêr – både på fjellet og i sjøen.

Eirik: – Eg vil anbefale folk å fiske her – det er veldig fint. I tillegg er det ganske lett å få fisk. Ein kan til dømes få torsk og makrell. Sist eg fiska fekk eg berre sei.

BADING: Her er to av strendene i Midsund. Stranda til venstre er på øya Dryna og stranda til høgre er på Midøya. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Vil du bu i Midsund heile livet?

Emmie: – Ja, eg vil bu i Midsund heile livet, sidan det er så fin ein plass. Vi har butikkar og alt vi treng her. Eg likar at det ikkje er slik som i Molde her, der det er veldig tett mellom husa og fleire folk.

Eirik: – Det er så fint miljø, så eg vil bu her heile livet. Vi kan rett nok berre gå på skule her fram til 10. klasse, så etter det må vi til dømes til Molde eller Ålesund. Men vel vi å gå på skule i Molde, kan vi framleis bu i Midsund.

TRAPPETURAR: Sherpaer frå Nepal har bygd fleire steintrapper i Midsund for at det skal bli enklare for folk å kome seg ut på tur. Til saman har dei bygd over 10 000 trappetrinn ute på øyane. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Er det noko som burde vore annleis med Midsund?

Emmie: – Eigentleg ikkje. Det einaste er kanskje at vi burde hatt ei ny ferje. Vi må ta ferje for å kome på fastlandet, så det er litt dumt at det er så mykje styr og trøbbel med den eine ferja vår.

Eirik: – Eg er ganske fornøgd, men det burde kanskje vore fleire gamleheimsplassar her, så dei gamle i Midsund slepp å flytte på sjukeheim i Molde.

RØRSETHORNET: Dette er ein av mange toppturar ein kan gå i Midsund. Rørsethornet ligg på Otrøya og er 659 meter over havet. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken