Fakta: Om Just Stop Oil
- Just Stop Oil er ei britisk klimaaktivist-gruppe som kjempar for klima. Dei protesterer mot olje, kol og gass.
- Dei har limt seg fast, kasta måling på berømte måleri og forstyrra store arrangement.
- Målet deira er at den britiske regjeringa skal forplikta seg til å avslutta produksjon av fossilt brensel.
- Organisasjonen vart grunnlagd i februar 2022 og byrja å protestera ved oljeterminalar i England i april 2022.
- Gruppa har fått både kritikk og støtte for aktivisme-metodane dei nyttar, som har inkludert hærverk og sperring av trafikk.
(Kjelde: Wikipedia)
Ung.Forskning.no har snakka med forskar Christian A. Klöckner frå NTNU om aktivistane. Han forskar på aktivistar, altså folk som kjempar for ei sak dei brenn for, og meiner det er to grunnar til at gruppa no sluttar å aksjonere på den måten dei har gjort.
– Aksjonane deira skulle sjokkera og vekkja oss. Men dei kan ikkje berre gjera det same igjen og igjen. Då blir wow-effekten til slutt borte, seier han til Ung.Forskning.no.

For det andre seier Klöckner at Just Stop Oil kjenner seg lytta til.
– Og no kan dei bruka plassen dei har fått til å bli høyrde, seier han.
Regjeringa i Storbritannia har ifølgje gruppa gått med på deira første krav – å stoppa nye løyve til olje- og gassleiting.
No vil Just Stop Oil heller føra kampen vidare i rettssalar enn i gatene.
