Vil setje 15-års aldersgrense: – Elevar skal vere trygge på skulen

Kunnskapsministeren seier at no har nesten alle skular reglar mot mobiltelefonar. Men kva med nettbrett og datamaskin?

Noregs regjering sin kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun, ønskjer at skulen skal vere meir praktisk.

– Barna kan gjere fleire ting med henda og kroppen, ikkje berre lese og skrive, skriv Nordtun i ein e-post.

Nordtun er representant frå Arbeidarpartiet. Arbeidarpartiet hadde sitt landsmøte i helga. Alle partia har landsmøte i valåret for å bestemme kva politikk som er viktig for dei.

Å skape ein betre balanse mellom bøker og skjerm på skulen er ein av tinga som er viktige for partiet.

Kari Nessa Nordtun er Noregs kunnskapsminister. Foto: Kunnskapsdepartementet

Mindre skjerm for dei yngste elevane

Som kunnskapsminister er Nordtun sitt fokus på barnehage, skule og utdanning. Sidan det har vore mykje snakk om nettbrett i skulen, ville vi snakke med ho om kva ho synest er viktig.

– Eg vil at elevane skal få både lese i bøker og jobbe på skjerm, skriv ho.

Men det er spesielt for dei yngste elevane at det er viktig med mindre skjerm meiner Nordtun.

– Då trur eg dei lærer meir, og ikkje blir forstyrra av andre like mykje, forklarar ho.

Vil ha strengare aldersgrense for sosiale medium

I tillegg handlar det om kva dei unge kan snuble over på nettbrett. Nordtun meiner barn skal vere trygge på skulen, og det som blir publisert er ikkje alltid trygt innhald.

– Vi meiner at elevar i barneskulen berre skal få bruke dei nettstadane som læraren bestemmer, og at det ikkje skal vere lov med mobiltelefon i klasserommet, seier Nordtun, og snakkar på vegner av Arbeidarpartiet.

Nordtun vil at dei som eig sosiale medium må gjere meir for å beskytte barn frå innhald dei ikkje skal sjå. Mellom anna har det dukka opp brutale videoklipp på skule-iPadar.

– Vi jobbar for at aldersgrensa for å bruke sosiale medium skal bli 15 år, seier ho.