Barn kler seg ut som gudinner under indisk festival

I helga blei den hinduistiske festivalen Basanti Durga Puja feira i India.

Hinduisme

Hinduisme er eit samlenamn som blir brukt om fleire religiøse tradisjonar, spesielt i India. Hinduismen blir rekna som verdas eldste religion. Dei som tilhøyrer hinduismen, blir kalla hinduar. I dag er det omtrent 1,2 milliardar hinduar i verda og dei fleste bur i India.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Festivalen blir feira kvart år for å gjere stas på den hinduistiske gudinna Durga. Ifølgje hinduistisk tru kjem Durga frå himmelen til jorda på denne tida av året, for å vere med menneska som trur på henne.

Under festivalen er det tradisjon at unge jenter kler seg ut som levande gudinner, kalla Kumari. Kumari betyr prinsesse på språket sanskrit.

Foto: Bikas Das / AP Photo / NTB

Dei utkledde jentene har med seg mat som dei ofrar til gudinna Durga, under feiringa. Å ofre er ei religiøs handling som består i å gi ei gåve til noko guddommeleg.

Under ser vi bilde av tinga ei av jentene ofrar.

Foto: Bikas Das / AP Photo / NTB