Tidlegare vinnarar av dialektprisen
2023: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland, artistar
2022: Karsten Warholm, friidrettsutøvar
2021: Kjartan Lauritzen, artist
2020: Victor Sotberg, Youtubar og programleiar
2019: Helsesista (Tale Maria Krohn Engvik), Some-personlegdom
Kjelde: Norsk Målungdom
– Synne Vo har blitt populær dei siste åra med fengande låtar på gudbrandsdøl. Ho lagar musikk som treffer unge og er med på å assosiere innlandsdialekt med popkultur og nyskaping, uttalar leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik i ei pressemelding.
Synne Vorkinn, kjent under artistnamnet Synne Vo, får Dialektprisen for 2024 under landsmøtet til Norsk Målungdom.
Synne Vo gav i fjor ut debutalbumet Kanskje det går te helvete. Tidlegare i år fekk ho mykje merksemd for låten Du ska få en dag i mårgå, som er ein versjon av Alf Prøysen sin folkekjære song.

Målungdommen synest det er stas å kunne gje prisen til eit ungt førebilete som er på veg opp.
– Musikk er ein utruleg viktig kanal for å formidle kultur og identitet, og dette gjer Synne på strålande vis ved å kombinere det bygdenostalgiske og heimekjære med ei universell oppleving av å vere ung og svolten på livet, meiner Natvik.