Det er Klimastiftelsen Umoe som betalar for at bøkene gratis kjem ut til skulane som har bestilt klassesett. Det er andre gong Umoe gir gratis bøker til skular, og no har dei auka frå 30 til 60 klassesett. Eitt klassesett inneheld 30 bøker. Det tok tre dagar, så var bøkene vekk.
Målet til Umoe er å setje lys på klimakrisa verda står ovanfor. Bøkene skal vere ein god måte for unge å lære om rolla olja har og korleis den vart oppdaga.
Forfattar Anne Karin Sæther meiner det er viktig at boka ikkje kjem med noko fasitsvar på om olja er bra eller dårleg.

– Eg trur ei styrke ved boka er at ho viser både gode og dårlege sider av olje- og gassverksemda, og ho lar lesaren trekkje sine eigne slutningar, seier Sæther.
Sæther rettar ein stor takk til investor Jens Ulltveit-Moe, som står bak stiftinga Umoe, for å vere så raus.
– Han bruker formuen sin på å gjere verda betre, seier ho.
Her kan de lese Framtida si bokmelding av «Må vi slutte med olje?»