Nokon synest ideen om å eta insekt er ekkel, medan andre meiner det kan vera bra for miljøet. No kan inntil 4 prosent av maten kan fyllast med pulver frå gule mjølormar.
– Viss dette kan bidra til å minska belastninga på miljøet utan å øydeleggja næringsverdien, er det verd å utforska vidare, seier kokebokforfattar Hanne-Lene Dahlgren til NRK.
Ein god ressurs
FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) meiner insekt kan vera ein god matressurs i framtida.
Mat som inneheld insektpulver, må merkast tydeleg.
– Personar som er allergiske mot støvmidd eller krepsdyr, kan få ein allergisk kryssreaksjon ved inntak av mjølorm-pulver. Derfor er det pålagt å merka matvarer som inneheld mjølorm-pulver, slik at personar som har ein slik allergi kan unngå matvara, seier Vaskinn, seier Svanhild Vaskinn i Mattilsynet til NRK.