Froskelår på franske menyar trugar fleire froskeartar

4000 tonn frosne froskelår er kjøpt frå andre land og ført inn i EU kvart år. Det svarar til mellom 80 og 200 millionar froskar.

Dei fleste av desse froskelåra hamnar på tallerkenar i Frankrike. Der finn du nemleg matretten cuisses de grenouille, eller froskelår, på menyen.

Ei gruppe på over 500 miljøforkjemparar meiner at å kjøpe frosne froskelår frå utlandet trugar fleire froskeartar, melder CNN. Dei fleste froskane kjem frå Indonesia, Tyrkia og Albania. Froskane blir fanga i naturen, og fleire bestandar av froskane minkar.

Skreiv brev til presidenten

Miljøforkjemparar frå organisasjonane Robin des Bois, Vétérinaires pour la Biodiversité og Pro Wildlife skreiv eit brev til den franske presidenten Emmanuel Macron tidlegare denne månaden.

Organisasjonane ønsker at Frankrike tar ansvar for å beskytte truga froskeartar. Det kan landet gjere ved å utvikle forslag for å beskytte bestandar av froskar som minkar, og å sikre at handel med froskelår er styrt av internasjonale handelsavtalar.