Sunniva (9), Bertine (11) og Johanne (14) lever spennande liv i Brasil

Søstrene Johanne (14), Bertine (11) og Sunniva (9) bur i Rio de Janeiro i Brasil saman med foreldra sine. Her er kvardagen mellom anna prega av strandliv, eksotiske dyr på skulen og høg kriminalitet.

Brasil
  • Hovudstad: Brasília.
  • Nasjonaldyr: jaguar
  • Språk: portugisisk.
  • Det mest folkerike landet i Sør-Amerika.
  • Rio de Janeiro er den nest største byen i landet og var hovudstaden frå 1763 til 1960.
  • Regnskogen Amazonas dekkjer 60 prosent av landet.
  • Landet tener pengar på å selje kaffe og olje.

Kjelder: Vesle norske leksikon og regjeringen.no

Nasjonaldyret jaguar. Foto: Pixabay
LES FAKTALUKK FAKTA

I Rio de Janeiro er klokka seks på ettermiddagen – sola er i ferd med å gå ned og inne i leilegheita til Johanne, Bertine og Sunniva gjer aircondition at det er kjølig og behageleg. Ute er det nemleg heitebølgje og 40 varmegrader.

Dette er i varmaste laget for søstrene, sjølv om dei begynner å bli vande med dei høge temperaturane etter å ha budd i Rio de Janeiro sidan sommaren 2023. Då flytta familien Gangsø Aase til den brasilianske storbyen grunna jobben til faren.

Sidan den gong har dei tre jentene hatt ein kvardag som er ganske annleis enn den dei er vande med i Noreg.

NYTTÅR: Her er heile familien Gangsø Aase i Rio de Janeiro nyttårskvelden. Då er det tradisjon at alle er på stranda og har på seg kvite klede. Foto: Privat

Hektisk kvardag

Då Framtida junior snakkar med dei tre søstrene over video, har dei nett kome heim frå skule og fritidsaktivitetar.

Dei to yngste i søskenflokken, Bertine og Sunniva, er framleis iført turndrakter etter trening. Dei spelar også fotball på fritida.

Eldstemann Johanne held på si side på med cheerleading, men mesteparten av kvardagen hennar går med til skule.

Dei tre jentene går på ein amerikansk skule. Det vil seie at skulen er drive på same måte som i USA – med same pensum og undervisninga går på engelsk.

KARNEVAL: Karneval er ein viktig del av den brasilianske kulturen. Her har Bertine og Sunniva kledd seg ut for karneval på skulen. Foto: Privat

Lange skuledagar

– Vi har lange skuletimar og -dagar, så ein blir ganske sliten. I tillegg er det mykje lekser å gjere etter at skuledagen er over, fortel Johanne.

Også skuledagane til Bertine og Sunniva er mykje lengre i Brasil enn i Noreg, og dei har færre friminutt.

– Det er veldig kjedeleg på skulen, seier Sunniva.

Men trass i at skulekvardagen er lang og kjedeleg, er det mykje rart som kan skje i løpet av ei skuleveke.

TOPPTUR: Bertine på Pico da Tijuica – den høgaste toppen i Rio de Janeiro. Foto: Privat.

Aper og dovendyr på skulen

– Skulen vår ligg midt i ein regnskog, så vi har apekattar som klatrar utanfor klasseromma våre, fortel Bertine.

Difor er vindauga på skulebygget dekte av nett, som skal hindre apar og andre dyr å klatre inn.

– Men dei finn alltid ein måte å kome seg inn på. Nokre gonger er det også dovendyr rundt skulen. Det er masse kule dyr her i Brasil, seier Sunniva.

Jentene ramsar opp slangar, pappegøyer og jaguarar.

SPENNANDE DYR: Her møte Bertine og Sunniva på ein grøn papegøye i skogen i Rio de Janeiro. Foto: Privat

Kriminalitet

Men noko av det raraste søstrene har opplevd mens dei har budd i Rio, er at dei ikkje fekk gå på skulen på grunn av ei skyteepisode.

– Skulen ligg rett over vegen frå den største favelaen i Brasil. Ein dag skulle politiet inn dit for å få tak i nokon. Då blei det så mykje skyting at området rundt og vegen til skulen blei stengt, forklarer Johanne.

Favela er ein type bydel som finst i store brasilianske byar. Desse områda er prega av fattigdom og kriminalitet.

RIDETUR: Her var familien Gangsø Aase på ridetur i fjella sør for Rio de Janeiro. Foto: Privat

Generelt er høg kriminalitet eit problem i Brasil, og det merkar jentene. For å kome seg til skulen og fritidsaktivitetane, blir dei køyrt av ein privatsjåfør, då det er den tryggaste måten å bli transportert på.

– Det er kjipt at vi ikkje kan gå noko særleg fritt ute. I Noreg kunne eg dra ut på shopping aleine med vennane mine, men det kan eg ikkje her. Vi må planlegge og ha med oss vaksne, sidan det er så utrygt her, fortel Johanne.

Mykje lyd og ting går sakte

Elles er livet i Brasil prega av ein noko annleis kultur enn i Noreg. Ifølgje Johanne er folka i Brasil mykje meir sosiale.

– Dei klemmer meir og snakkar meir med kvarandre.

– Brasilianarar likar veldig mykje lyd og slik. Det er ikkje eg så glad i. I tillegg går dei veldig sakte, legg Bertine til.

– Veldig, veldig, veldig sakte, stadfestar Sunniva med eit sukk.

SURFEKURS: Her var søstrene på surfekurs ein laurdags morgon. Foto: Privat

Samstundes er ikkje søstrene spesielt nøgde med den brasilianske maten, som gjerne er prega av bønner og ris.

Dette fell spesielt lite i smak hos Bertine og Sunniva. Dei er rett nok veldig glad i ein annan brasiliansk spesialitet. Nemleg acai.

– Det er ein type smoothie-is som er laga av acaibær. Dei sel han overalt her. Acai er ei type bær som berre veks i Sør-Amerika, fortel Sunniva.

Bading og shorts kvar dag

Etter snart to år i Brasil, har landet med den dei spennande dyra, dei uendelege mengdene acai og leilegheita rett ved stranda, blitt som ein heim for familien.

– Det beste med å bu her er å kunne bade og gå i shorts og t-skjorte kvar dag, seier Bertine.

Sjølv om det er mykje dei tre jentene vil sakne med livet i Brasil, ser dei fram mot kvardagen som ventar dei i Noreg.

BADING: Her badar dei tre jentene i eit basseng på eit hotell lutt utanfor Rio de Janeiro. Foto: Privat

Tilbake til vennar og mjølkesjokolade

I juni flyttar familien nemleg heim til Bergen.

– Det eg gler meg mest til med å flytte tilbake til Noreg er å møte alle vennane mine, seier Sunniva.

– Eg gler meg til å ete maten som er i Noreg, skyt Bertine inn.

Sunniva og Johanne er einige og drøymer om Toro tomatsuppe og Freia mjølkesjokolade.