Noreg speler kamp mot Israel – Ødegaard vil ikkje gløyme det som skjer i Gaza

Tysdag kveld er kvalifikasjonskamp til VM. Den står mellom Noreg og Israel.

Klokka 20.45 tysdag kveld er det duka for kvalifikasjonskamp til VM mellom Israel og Noreg. Israel er heimelaget i denne kampen, men kampen skal spelast i Ungarn. Dette er grunna krigen mellom Israel og Hamas.

Israel braut førre veke våpenkvila som hadde vara i to månadar.

– Grufullt

På spørsmål frå VG om korleis det er å spele kamp mot Israel, sa Martin Ødegaard at ein ikkje kan ignorere situasjonen i Gaza.

– Det er grufullt å sjå for alle, men vi må forhalde oss til at UEFA har bestemt at dei kampane skal spelast. Det må vere fokus for oss, seier Ødegaard til VG.

Fleire hadde noko å seie om brotet på våpenkvila. Landslagskeeper Ørjan Håskjold Nyland tykkjer situasjonen er hjarteskjerande.

– I eit område som Palestina, som allereie er gruslagt, der folk ikkje veit kva som skjer kvar einaste natt. Det er heilt umogleg å førestille seg. Det er rett og slett grufullt, sa han til TV2.

Fekk mange spørsmål

Under ein pressekonferanse for det norske landslaget fekk landslagssjef Ståle Solbakken fleire spørsmål frå israelske journalistar. Dei reagerte på at spelarane på det norske landslaget hadde kritisert Israel for krigen.

Spørsmåla handla om Solbakken sine meiningar om krigen, og at meiningane hans ofte var i sympati for den andre sida, altså Palestina. Dette er spørsmål som ikkje vanlegvis blir stilte på ein pressekonferanse for fotball.

– Det er to sider. Om vi hadde spela mot den andre sida, ville dei spurt dei same spørsmåla. Vi prøver å vise forståing. Vi har stor respekt for landet dykkar, på same måte som vi har stor respekt for den andre sida, og kva dei meiner, svara Solbakken.

Kapteinen på Israel sitt lag, Eli Dasa, fekk med seg Solbakken sine svar. På ein eigen pressekonferanse, dagen før kampen mellom Noreg og Israel, seier Dasa at spelarane burde lære av måten Solbakken snakka på.

– Kanskje har han ei anna meining enn meg, men han stilte seg i midten, fordi han ikkje veit kva som føregår, sa Dasa, og meinte at det var den rette måten å handtere situasjonen på.