Kvifor blir det krig?

Dei fleste ønskjer å leva i fred. Likevel bryt det fram krigar rundt om i verda. Kvifor skjer det – og kvifor klarer ikkje land alltid å bli einige?

21. september er Den internasjonale fredsdagen. Dagen blei oppretta av FN for å minna oss om kor viktig det er å løysa konfliktar utan vald. Men kvifor blir det eigentleg krig?

Menneske kan bli usamde om mykje. Det same gjeld land.

Ein konflikt betyr at personar eller grupper har ulike interesser eller ønskjer. Dei fleste konfliktar blir løyste med samtalar og forhandlingar. Men somme gonger klarer ikkje partane å bli einige.

Dersom eit land eller ei gruppe vel å bruka våpen og vald mot ein annan, kan konflikten utvikla seg til krig.

Mange ulike grunnar

Det finst ikkje éi forklaring på kvifor krigar oppstår.

Nokre handlar om kven som skal styra eit land. Andre handlar om grenser, naturressursar eller makt. Nokre krigar har òg bakgrunn i historie, religion eller etniske motsetnader – altså konfliktar mellom folkegrupper med ulik kultur eller opphav.

Ofte er det fleire årsaker samtidig.

Kan ein hindra krig?

Land snakkar saman, forhandlar og lagar avtalar for å finna løysingar før konfliktar blir så alvorlege at dei endar i krig.

FN er ein organisasjon der nesten alle land i verda samarbeider. Eit av dei viktigaste måla er å skapa fred og hindra nye krigar.

Det finst ingen garanti for at arbeidet deira alltid lukkast. Men mange konfliktar blir løyste utan at det blir krig.

Kva er fred?

Fred handlar om at menneske kan leva trygt, gå på skulen, seia meininga si og løysa konfliktar utan vald.

Dei fleste menneske i verda ønskjer ikkje krig. Difor arbeider millionar av menneske kvar dag for å hindra konfliktar og finna fredelege løysingar.

Er du redd for at det skal bli krig i Noreg?

Er du redd for at det skal bli krig i Noreg?

Ja, ofte.1
Ja, av og til.4
Nei, ikkje eigentleg.7
Eg veit ikkje.5
Svar totalt: 17

 

Kjelder: FN-sambandet, Store norske leksikon, FN