Hjartetransplantasjon
Ein hjartetransplantasjon er overføring av eit hjarte frå ein person til ein annan. Personen som «gir frå seg» hjartet er eit nyleg avdød individ. Mottakaren av hjartet har ein hjartesjukdom som gjer at han ikkje lenger kan leve med sitt eige hjarte. Hjartet som blir overført, blir kalla donorhjarte.
Kjelde: Store medisinske leksikon
Den australske mannen i 40-åra fekk operert inn eit titanhjarte, då han stod på venteliste for å få hjartetransplantasjon.
I mars, etter 100 dagar, fekk mannen bytt ut titanhjartet med eit donorhjarte. Det gjer han til personen som har levd lengst med eit kunstig hjarte, skriv forskning.no.
Kunstig hjarte
Det kunstige titanhjartet, BiVACOR Total Artificial Heart (TAH), har berre ein bevegeleg del: Ein rotor – ein del som går rundt og rundt ved hjelp av magnetar.
Rotoren gjer at blod strøymer inn og ut av hjartet, på same måte som eit vanleg menneskehjarte.