Verda blir varma opp, og isbrear over heile jorda smeltar mykje fortare enn før. Dette er eit stort problem, fordi isbreane hjelper oss med å ha rennande vatn og hindrar at havet blir for høgt.
Totalt har isbreane i verda (unnateke Antarktis og Grønland) mista 9000 milliardar tonn is på dei 50 åra sidan ein byrja å måla i 1975, ifølgje FN-organet Verdens isbreovervakingsteneste (WGMS).
– Det svarer til ei enorm isblokk på storleik med Tyskland som er 25 meter tjukk, seier WGMS-sjef Michael Zemp til NRK.
Nesten heilt borte
Målingar viser at fem av dei seks siste åra har vore dei varmaste for isbreane. På stader som i Alpane og i Noreg har isen forsvunne raskt.
Til dømes har ein av Noregs brear, kalla Breifonn, vorte nesten heilt borte. Breifonn var ei stor isflate, men no er det nesten berre små isrestar igjen.
Store vasstankar
Isbreane fungerer som store vasstankar. Når dei smeltar, kan det føra til at elvar får for mykje vatn på ein gong. Dette kan gi flaum, som betyr at vatnet stig og kan gjera at hus og vegar blir øydelagde. I tillegg fører smeltinga til at havnivået stig. Kvar millimeter havstigning kan gjera at mange menneske får problem med flaum.
Kan redde noko av isen
Forskarar seier at det er veldig viktig å kutta ned på forureining og utslepp av klimagassar. Forskarane meiner at me kan redda noko av isen viss me klarer å halda jorda litt kjøligare.
FN har derfor peika ut 2025 til å vera eit år der me må tenkja ekstra mykje på korleis me kan bevara isbreane.