Volodymyr Zelenskyj takkar Donald Trump

Den ukrainske presidenten takkar den amerikanske presidenten på Telegram. Han melder også at Ukraina er klare for ein avtale med Russland om våpenkvile.

Zelenskyj har skrive ei melding til den amerikanske presidenten på Telegram, skriv NRK.

I meldinga takkar han Trump, og skriv at Ukraina er klare for våpenkvile.

I Telegram-meldinga skriv Zelenskyj:

«Det ukrainske forslaget vårt til dette møtet med amerikanarane var tre ting: Våpenkvile på himmelen – rakettar, bomber, langdistansedronar – og våpenkvile til sjøs og reelle tiltak for å etablera tillit i heile denne situasjonen, der diplomati går føre seg.
Først av alt – lauslating av fangar. Den amerikanske sida forstår argumenta våre, aksepterer forslaga våre, og eg vil takka president Trump for den konstruktive karakteren av samtalen mellom teama våre.

GIF: Giphy.com

Under samtalane kom det eit forslag frå amerikansk side om å ta det første steget omgåande og prøva å etablera ei fullstendig våpenkvile i 30 dagar, ikkje berre når det gjeld missil, dronar og bomber, ikkje berre i Svartehavet, men også langs heile frontlinja.

Ukraina godtek dette forslaget, me reknar det som positivt, me er klare til å ta eit slikt steg. USA må overtyda Russland om å gjera dette. Det vil seia at me er samde, og viss «russarane» er samde, vil avtalen tre i kraft i den augneblinken alle er samde.»

Opp til Russland

– Ukrainarane er klare for å stanse kampane, dei er klare for å stanse skytinga, dei er klare for å setja seg ved bordet, sa USAs utanriksminister Marco Rubio tysdag.

Ifølgje utanriksministeren er det no opp til Russland å seia ja eller nei til forslaget, skriv NRK.

Det var NTB som omtala saka fyrst i Noreg.