Mobil og skiheis er ikkje den beste kombinasjonen

Er du ein av dei som elsker å sende meldingar eller sjekke Insta medan du er i skiheisen? Tryg Forsikring fortel at dei har fått inn nesten 100 saker om mobilen som er blitt mista eller øydelagd i løpet av den første veka i vinterferien.

Espen Borge, som jobbar med kommunikasjon i Tryg, seier til NRK at det er lurt å vera ekstra forsiktig med mobilen i skibakken.

– Altfor mange fomlar med telefonen i skiheisen, og då har du ei dårleg sak viss du mistar han. Me skjønar at mange bruker dødtida i skiheisen for å sjekka telefonen, men tjukke vottar, iskalde hender og Snapchat er ingen god kombinasjon, seier Borge til NRK.

Tips for å unngå å mista mobilen i skiheisen:

1. Legg mobilen i sekken eller lomma: Legg mobilen i lomma eller sekken før du hoppar inn i heisen. Lukk sekken eller lomma godt, og ikkje ta fram mobilen før du er på toppen.

2. Bruk snor: Kjøp deg ei mobilsnor som du kan henga mobilen rundt halsen med.

3. Bli med på skitur utan mobil: Bruk heller heisen til å prata med venene dine, eller sjå på utsikta. Når du er ferdig med å køyra i skibakken, kan du kosa deg med mobilen.

Brukar du mobil i skiheisen?

Brukar du mobil i skiheisen?

Ja.4
Nei.4
Svar totalt: 8