Dette betyr borgfred

Etter at kong Harald døydde fredag 28. august bestemte politikarane på Stortinget at det skulle vere borgfred fram til gravferda 9. september. Men kva betyr eigentleg borgfred?

At det er borgfred, vil seie at det ikkje skal vere politisk debatt eller aktivitet. Det vil seie at politikarar ikkje skal diskutere, foreslå eller bestemme noko nytt.

Grunnen til at partia på Stortinget ønskte borgfred frå kong Harald døydde og fram til gravferda hans, var at politikarane meinte det er viktig å bruke denne tida på å sørgje og vise takksemd – ikkje på å ta opp store politiske spørsmål.

Nokre meiner det kan vere negativt med borgfred så lenge, fordi det kan gå utover ytringsfridomen, fordi politikarane kan kjenne seg pressa til å la vere å seie kva dei meiner.