Barnas klimapanel
- Eit panel som består av seks miljøagentar i alderen 11-15 år.
- Formålet med panelet er å vere eit talerøyr for barn, gjennom å formidle barns meiningar til dei som bestemmer.
- Kvart år samlar Barnas klimapanel innspel frå tusenvis av barn i Noreg, for å vite kva barn meiner om klima og miljø.
- Panelet skriv deretter ein rapport basert på desse innspela. Denne rapporten tek Barnas klimapanel med seg i møter med politikarar, for å vise kva barn meiner.
- Kjelde: miljøagentene.no
I januar blei Barnas klimapanel for 2025 valt og fredag 14. februar møtte det nye panelet klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Trass i at panelet hadde møtt kvarandre for fyrste gong berre nokre timar tidlegare, stilte dei målretta og samstemte opp til møtet med klimaministeren.
Der la dei fram funn i Barnas klima- og miljørapport 2024, i tillegg til å ytre eigne synspunkt og meiningar.

Hets for klimaengasjement
Rosalind (14) innleidde møtet med å ta opp hetsproblematikk engasjerte barn møter i dag. Barnas klima- og miljørapport 2024 viste nemleg at mange barn og unge som viser klimaengasjement, opplever å få hets på grunn av dette.
– Det har blitt ei trend å ikkje bry seg om klimaet, slo Jonah (12) fast.

Han meinte vidare at det må leggjast føringar på kva som er greitt og ikkje, i sosiale medium.
– Slik som å reklamere for kjeder som Temu og Shein som har svært dårleg påverknad på klimaet, burde ikkje vere trendy eller lov, sa Jonah.

Oppmoda til ein ny start
Vidare i møtet utfordra Maria (14) klimaministeren på at regjeringa han er ein del av, har utvida olje og gassnæringa i løpet av tida dei har sete på makta.
– No som det har vore regjeringsskifte og no som det skal vere val til hausten, vil eg oppmode deg til ein ny start når det gjeld klimapolitikken dykkar, sa ho og fortsette:
– Vis at Arbeidarpartiet er eit parti som bryr seg om klima og miljø. Då kan det bli eit viktig tema elles i valkampen òg, og føre til meir fokus og meir handling.

– Skal ha rett til å engasjere seg
– Barnas klimapanel er veldig gode på å skildre problema vi står ovanfor når det gjeld klimaendringar. Dei har gode spørsmål som utfordrar meg og dei andre politikarane. Det pressar oss til å jobbe for å få på plass meir klimapolitikk framover, sa klimaministeren til Framtida junior.
Klimaminister Andreas sa vidare at han tek svært alvorleg på det panelet fortalde om hets som følgje av klimaengasjement.
– Der har vi vaksne eit ansvar. Vi må legge til rette for at barn og unge skal ha alle moglegheiter og all rett til å engasjere seg i klimaspørsmål og deira felles framtid.
