Nordmenn har i snitt 359 plagg i skapet og kjøper 23,5 til i året. Me gir bort eller kastar nesten like mykje som me kjøper nytt, ifølgje SIFO. Kva er grunnen til dette? Og kva kan me gjera for å endra dette?
Ung.forskning.no har snakka med to forskarar om klesforbruk.
Ragnhild Nilsen er klimapsykolog og har intervjua 200 unge om deira klesforbruk. Ho fortel at mange unge veit lite om kor kleda kjem frå og korleis dei påverkar miljøet. Ho peikar også på at sjølvkjensle og gruppepress spelar ei stor rolle, og dessutan at moteindustrien skapar trendar som me fell for.
Raske trendar
Forskar Anna Schytte Sigaard seier at raske trendar, som dei frå nettbutikken Shein, fører til meir klesforbruk. Ho kallar desse for mikrotrendar. Slike trendar går raskt over, og det er viktig å finne sin eigen stil, slik at ein brukar kleda lenger.
Sigaard understrekar at klede laga av dårlege materiale har kort levetid, noko som aukar forbruket. Ho rår til å kjøpe færre klede og ta vare på dei me alt har.