– Eg går på ein skule der me startar klokka åtte om morgonen og er ferdige klokka tre om ettermiddagen. Me har to friminutt der me kan eta lunsj og leika med venene våre, fortel Victor.
– Eg går på barneskulen og startar litt seinare, klokka ni, og er ferdig klokka to. Me har òg ein pause midt på dagen, seier Martin.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/20230702_115313-1024x937.jpg)
Sosial skulekvardag
På skulen har dei mange spennande fag.
– Eg har fysikk og kjemi, valenciansk, spansk, kroppsøving, engelsk, geografi og historie, fysikk- og kjemilaboratorium, kunst, musikk og matematikk, fortel Victor.
– Eg har matematikk, spansk språk, valenciansk språk, kroppsøving, engelsk, kunst, verdiar og prosjektarbeid, legg Martin til.
Når det er friminutt, er brørne aktive saman med venene sine.
– Eg likar best å snakka med venegruppa mi, men me spelar òg volleyball og fotball. Fotball er favoritten min, seier Victor.
– Eg likar fotball og pingpong, seier Martin entusiastisk.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/IMG-20241104-WA0000-e1738839126209-206x300.jpg)
Travel ettermiddag
Etter skuletid er dei begge opptekne med fritidsaktivitetar.
– Eg spelar trompet i eit symfoniorkester, spelar sjakk, videospel og er ofte ute med venene mine, fortel Victor.
– Eg spelar saksofon og går på musikkundervisning. I tillegg spelar eg fotball på eit lag i byen, seier Martin.
Når dei får fri frå aktivitetane sine, elskar begge brørne å vera ute i byen. Dei har kvar sin favorittstad.
– Ein liten steinstrand som heiter Playa Estudiantes er ein plass eg likar veldig godt, seier Victor.
– Eg likar Bol Nou-stranda. Det er ein kjempefin plass å bada, meiner Martin.
Spansk sommar
Om sommaren blir stranda ekstra viktig.
– Det er veldig varmt her, så me tilbringar mesteparten av sommaren ved sjøen, fortel Victor.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/1-3-1024x768.jpeg)
– Ja, og me er ofte i bassenget òg, legg Martin til.
Å samlast rundt middagen heime er også viktig for familien.
– Me et mykje paella-ris og pasta. Favorittretten min er ein god hamburger, seier Victor.
– Eg er veldig glad i spaghetti carbonara, seier Martin.
Når dei feirar bursdag, er familie og vener alltid med.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/IMG-20241018-WA0003-e1738838516674.jpg)
– Først har me eit måltid med familien, der eg blæs ut lysa på ei kake. Etterpå inviterer eg venene mine til middag, seier Victor.
– Eg feirar òg først med familien, og etterpå dreg eg med venene mine til eit trampoline- og aktivitetssenter, fortel Martin.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/1-2-225x300.jpeg)
Spennande by
Byen har mange spanande tradisjonar og arrangement.
– Fiestaane til Moros y Cristianos er ei stor feiring i juli. Det er til ære for skytshelgenen vår, Santa Marta. Det er noko eg alltid ser fram til, fortel Victor.
– Me har mange konsertar med symfoniorkesteret vårt, og det er skikkeleg gøy, legg Martin til.
Når brørne ikkje er opptekne med skule, musikk eller sport, likar dei også andre aktivitetar.
– Eg spelar ofte fotball og går på soppjakt i fjellet. Av og til spelar me bowling eller dykkar i sjøen, seier Victor.
– Eg spelar tennis, går på fjellturar med familien og spelar ulike spel med bror min, avsluttar Martin.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/villajoyosa-598322_1280.jpg)