Skogbrann på Tenerife

Brannmannskapa har prøvd å sløkkja brannen i ei veke.

Brannen har herja i eit skogkledd område nordaust på Tenerife etter at ei heitebølge på Kanariøyane gjorde mange område tørre.

Rundt 250 brannmenn, 13 fly og helikopter jobba med å sløkkja brannen og hindra den å spreia seg. Måndag 21. august melde Reuters at 128 000 mål med skog hadde brent.

12 000 menneske nordaust på øya har blitt evakuert på grunn av røyken frå flammane. Søndag fekk nokre av dei koma tilbake.