Dommedagsklokka rykkar nærmare midnatt

Det er no berre 89 sekund igjen til «midnatt» på den berømte Dommedagsklokka. Dette er ei symbolsk klokke som viser kor nær menneskeheita er ei stor katastrofe.

Dommedagsklokka er ei symbolsk klokke som viser kor farleg situasjonen i verda er for menneska. Midnatt på klokka betyr ei stor katastrofe som kan øydelegga mykje. Jo nærmare visarane på klokka er midnatt, jo meir farleg tenkjer forskarane at situasjonen er.

I år vart klokka stilt eitt sekund nærmare midnatt. Årsaka er fleire krigar, farlege teknologiske nyvinningar og auka frykt for bruk av atomvåpen.

Sju minutt

Klokka blei laga i 1947 og stod då på sju minutt før midnatt. Forskarar ved Universitetet i Chicago passar framleis på å stilla klokka.

I byrjinga viste den kor stor trugsel atomkrig var, men no tek dei òg med farar som klimaendringar og ny teknologi som kan skada verda.

(Kjelde: Wikipedia)