Møt ti av verdas mest kjende oppfinnarar

Kven har forma verda med geniale oppfinningar? Frå lys og fly til internett og trykkpresse – møt ti oppfinnarar som har endra historia.

Thomas Alva Edison (1847–1931)

Levin C. Handy, Public domain, via Wikimedia Commons

Edison var ein amerikansk oppfinnar som hadde over 2000 patent. Eit patent vernar ei teknisk løysing på eit problem. Han er mest kjend for å ha utvikla den første glødelampa, fonografen (ein tidleg lydopptakar) og kinetoskopet, som var eit tidleg filmframvisingsapparat. 

Alexander Graham Bell (1847–1922)

Foto: Moffett Studio, Public domain, via Wikimedia Commons

Bell var ein skotsk-kanadisk oppfinnar som er mest kjend for å ha utvikla den første telefonen. Han var også engasjert i arbeid med døve og grunnla Bell Telephone Company.

SJEKK UT VÅR KVISS om oppfinningar her!

Nikola Tesla (1856–1943)

Foto: Napoleon Sarony, Public domain, via Wikimedia Commons

Tesla var ein serbisk-amerikansk oppfinnar som bidrog sterkt til utviklinga av vekselstraumssystemet. Vekselstraum er elektrisk straum som periodisk skiftar retning slik at det går like mykje straum i begge retningar langs ein leiar. At noko er periodisk betyr at at det gjentek seg med jamne mellomrom. Det er denne typen straum du no finn i stikkontakten heime eller på skulen.

Han utvikla også teknologiar som trådlaus kommunikasjon og induksjonsmotoren.

James Watt (1736–1819)

Foto: Public domain, via Wikimedia Commons

Watt var ein skotsk ingeniør som forbetra dampmaskinen. Det var avgjerande for den industrielle revolusjonen då hans arbeid gjorde det mogleg å bruke dampkraft meir effektivt i fabrikkar og transport.

Wright-brørne – Orville (1871–1948) og Wilbur (1867–1912)

Foto: Miscellaneous Items in High Demand, PPOC, Library of Congress, Public domain, via Wikimedia Commons

Orville og Wilbur Wright var amerikanske pionerar innan luftfart. Dei gjennomførte den første kontrollerte flyginga med eit motordrive fly i 1903. Det la grunnlaget for moderne luftfart.

Johannes Gutenberg (ca. 1400–1468)

Foto: Public domain, via Wikimedia Commons

Gutenberg var ein tysk oppfinnar som utvikla den mekaniske trykkpressa rundt år 1440. Denne oppfinninga revolusjonerte spreiinga av informasjon og gjorde bøker meir tilgjengelege for folk flest.

Marie Curie (1867–1934)

Foto: Henri Manuel, Public domain, via Wikimedia Commons

Curie var ei polsk-fransk vitskapskvinne som oppdaga grunnstoffa polonium og radium. Ho var den første kvinna som vann Nobelprisen, og den einaste som har vunne Nobelprisen i to ulike vitskapar: fysikk og kjemi.

Tim Berners-Lee (fødd 1955)

Foto: Paul Clarke, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Berners-Lee er ein britisk informatikar som oppfann verdsveven (World Wide Web) i 1989. Ein informatikar er ein person som arbeider med å lage digitale program og løysingar. Hans arbeid har hatt enorm innverknad på korleis me kommuniserer og deler informasjon gjennom internett i dag.

Leonardo da Vinci (1452–1519)

Måleri: Cristofano dell’Altissimo, Public domain, via Wikimedia Commons

Da Vinci var ein italiensk kunstnar og oppfinnar som skapte mange teikningar av maskinar og teknologiar langt forut for si tid, inkludert flygemaskinar, stridsvogner og hydrauliske maskinar.

Steve Jobs (1955–2011)

Foto: Matthew Yohe at en.wikipedia, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Jobs var ein amerikansk entreprenør og medgrunnleggjar av Apple Inc. Han spelte ei sentral rolle i utviklinga av personlege datamaskinar, smarttelefonar og nettbrett, og påverka dermed moderne teknologi og kommunikasjon.

Kjelde: Store norske leksikon / Wikipedia