Irak opnar for barneekteskap ned i niårsalderen

Irak vil la religiøse domsstolar dømme i familiesaker. Det betyr at barn ned i niårsalderen kan bli gifte.

Motstandarar meiner dette vil undergrava lova dei har i dag, som inneber at ein må vera 18 år gamal for å inngå ekteskap, melder The Guardian.

Lovene som vert praktisert av enkelte sjiamuslimar i Irak opnar for barneekteskap heilt ned i niårsalderen, medan tilsvarande grense for sunnimuslimar i landet er 15 år.

Menneskerettsaktivist og kvinnesaksforkjempar Intisar al-Mayali seier lovendringa vil få katastrofale følgjer for rettane til kvinner og jenter gjennom barneekteskap som bryt med retten til ein barndom.

Ho fryktar òg for retten til skilsmisse, barnefordeling og retten for kvinner til å arva.