USA ut av Parisavtalen
Paris-avtalen er ein avtale mellom dei fleste landa i verda. Avtalen handlar om at vi skal unngå at temperaturen i verda stig med meir enn 1,5 grader. Han vart laga under FN sin klimakonferanse i Paris i 2015.
Trump trekte USA ut av avtalen førre gong han var president, men Joe Biden melde landet inn igjen i 2021.
No har Donald Trump altså nok ein gong trekt USA ut av avtalen.
USA ut av Verdas helseorganisasjon
Trump har også trekt USA ut av Verdas helseorganisasjon (WHO). Han var misnøgd med korleis WHO handterte koronapandemien.
USA er det landet som gir mest pengar til WHO. I 2023 bidrog USA med 16 prosent av finansieringa til organisasjonen.
Benådar 1500 opprørarar
Då Joe Biden skulle overta som president i 2021, var det ei stor folkemengde med Trump-tilhengarar som storma Kongressen i USA, der nasjonalforsamlinga i landet sit.
Dei protesterte fordi Donald Trump hevda at han hadde tapt valet på grunn av valfusk, noko som har blitt motbevist.
Opprørarane skal ha ønskt å fange og drepe fleire politikarar, og å hindre Joe Biden i å bli utnemnd som president.
Nesten 1600 av dei som deltok i opprøret, har blitt dømde for ulike lovbrot. No har Trump altså benåda og frigjort rundt 1500 av dei, som han kalla «gislar».
Endrar namnet på Nord-Amerikas høgaste fjell
Denali er det høgaste fjellet i Nord-Amerika. Toppen er på 6190 meter over havet og ligg i staten Alaska.
«Denali» er namnet urfolket i Alaska har kalla fjellet i tusenvis av år. I 2015 gjorde dåverande president Barack Obama Denali til det offisielle namnet på fjellet. Denali tyder «det høge» eller «det svære».
I 1896 vart fjellet derimot døypt «Mount McKinley», kalla opp etter den dåverande presidenten i USA, sjølv om William McKinley aldri hadde besøkt fjellet.
No vil Trump altså at fjellet igjen skal kallast McKinley. I same vending vil han døype om Mexicogolfen til Amerikagolfen.
Utset TikTok-forbod
Amerikanske politikarar har gjort eit vedtak som ville gjere det forbudt å laste ned TikTok i USA frå 19. januar. No har Trump sikra at forbodet blir utsett med 75 dagar.
Forbodet handlar om at USA fryktar at den appen kan drive spionasje i USA for kinesiske styresmakter, og USA har difor kravd at eigarselskapet ByteDance sel appen vidare. Trump vil at USA skal få eige delar av appen.