Joe Biden gir milliardar til fornybar energi

I dei siste dagane som president i USA gav Joe Biden mykje pengar til berekraftige prosjekt.

Måndag byrja Donald Trump igjen i jobben som president i USA.

Mange fryktar at politikken til Donald Trump vil vere negativ for klimaet. Førre gong han var president, trekte Trump USA ut av Paris-avtalen. Paris-avtalen er ein avtale mellom nesten alle landa i verda, som lovar å prøve å hindre at temperaturen på jorda stig med over 1,5 grader.

Donald Trump er nok ein gong president i USA. Foto: Gage Skidmore

Trump meiner framleis at klimaendringane ikkje er noko stort problem, og han vil ikkje at USA skal bruke mange pengar på å betre klimaet. Tvert imot vil han at USA skal pumpe endå meir olje, og setje ein stoppar for til dømes vindmøller.

Joe Biden, som har vore USAs president dei siste fire åra, har dei siste dagane som president skunda seg med å dele ut mykje pengar til prosjekt som driv med grøn energi, før Donald Trump får handa på rattet.

Regjeringa til Biden har delt ut meir enn 27 milliardar dollar til prosjekt som driv med fornybar energi. Det utgjer over 300 milliardar norske kroner.

Biden har mellom anna delt ut pengar til vasskraft, solenergi, hydrogen og biodrivstoff.