Apple sin reklame skapar bråk i Oslo

Apple har laga ein film på tre barneskular i Oslo, men mange meiner den er problematisk fordi han kan bli oppfatta som reklame. No har Oslo-skulen bede Apple om å trekka filmen, ifølgje TV 2.

– Me ser at filmen kan bli oppfatta som reklame, og det er problematisk at me som skuleeigar er med på det. Me har difor i dag bedt Apple om å trekka filmen, seier utdanningsdirektør Marte Gerhardsen til TV 2.

Reklamefilmen blei delt på nettsida til Apple i romjula og viser korleis iPad blir brukt i undervisninga på skulane i Oslo.