Storbritannia forbyr TV-reklame for usunn mat

60 prosent av britane er overvektige. No blir TV-reklame for feit, søt og salt mat forbode fram til klokka ni på kvelden.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lese om at fjorten EU-land fordømmer Ungarn sin nye «homo-lov» og om boka «Håndbok mot rasisme», som skal hjelpe lærarar i klasserommet.

I Storbritannia blir det ingen reklame for sjokolade, pizza, burgerar, potetgull, brus, kaker, godeteri, is eller kjeks å sjå mellom klokka 05.30 og 21.00. Heller ikkje frukostblanding, yoghurt, ferdigmat eller fritert fisk skal få freiste folk gjennom TV-skjermen.

Det skriv BBC, som først omtalte saka.

På tide å ta grep

Statsminister Boris Johnson seier landet har ei utfordring med overvekt, og at det er på tide å ta grep.

– Kostandane for helsevesenet er enorme, seier han til BBC.

Han peikar vidare på koronapandemien, der overvekt har vist seg å auke risikoen for alvorleg sjukdom.

Reklamebyråa er ikkje begeistra for forbodet, og meiner arbeidplassar vil gå tapt. Matvareprodusentane er heller ikkje like nøgde, og viser til regjeringa si eiga utgreiing som viser at eit forbod berre vil fjerne omkring 1,7 kaloriar frå barn sitt kaloriinntakk – tilsvarande ein halv Smarties.

Treng fleire tiltak

Sidan 1990 har britane si vekt auka, og 60 prosent av befolkninga er no overvektige. Utfordringane startar ofte i barndommen, og forsking tilseier at dei med vanskelegast bakgrunn er mest utsett.