Likestilling for kvinner!

Verda er ikkje rettferdig, men me jobbar med det.

MEINING: Me har kome ein lang veg allereie og tala på dei som er likestilte stig. Sanninga er at kvinner og menn ikkje er likestilte. Heilt frå starten har menn alltid vore høgare verdsett enn kvinner. No prøvar me å endre dette og me håpar på å lykkast.

Likestilling mellom kjønna er FN sitt femte berekraftmål. Det er til å styrka kvinnene sine rettar og moglegheiter i livet.

Menn har alltid fått betre løn og betre jobbar, i tillegg til mindre husarbeid. Berre 23 av 193 land har minst 40 prosent kvinner i parlamentet deira.

Visste du også at kvinner har 2,5 gonger så mykje husarbeid og tid med ungar som menn. I heile verda har kvinner kring 28 prosent av leiarstillingane.

Vald og tvangsekteskap

Livet er veldig urettferdig og det gjeld heller ikkje berre politikken, også korleis kvinner blir behandla. Ein tredjedel av kvinner i verda har etter dei har fylt 15 år blitt valdtatt. Det er også mange kvinner som blir gifta bort i ung alder. Det er kalla tvangsekteskap eller barneekteskap sidan dei er yngre enn 16 år.

Tvangsekteskap og barneekteskap er straffbart i Noreg.