Om du et for lite over lengre tid, kan kroppen bli svak. Du får ikkje dei næringsstoffa du treng for å utvikle deg som normalt. For eksempel treng hjernen, skjelettet og musklane nok energi for å vekse, skriv Ung.no.
Sparar på energien
Når kroppen merkar at du får i deg for lite mat, trur kroppen at du svelt. Då sparar den på energien, og forbrenninga blir lågare. Dette gjer det vanskeleg å halde vekta nede. Et du framleis for lite, vil kroppen begynne å bryte ned musklar og organ for å skaffe energi.
Derfor er det viktig å ete variert og nok mat kvar dag. Om du treng hjelp med vekt eller mat, kan du snakke med ein helsesjukepleiar eller fastlegen din.
Kjelde: ung.no