Kaos i Sør-Korea: Presidenten oppmoda til å trekkje seg

Måndag erklærte presidenten i Sør-Korea militær unntakstilstand utan god grunngiving. No demonstrerer folket og ber presidenten om å gå av.

Sør-Korea
  • Land aust i Europa
  • Hovudstad: Seoul
  • Innbyggjartal: 51,6 millionar
  • Språk: Koreansk

    FLAGGET: Det sørkoreanske flagget. Illustrasjon: Designa av rawpixel.com / Freepik
LES FAKTALUKK FAKTA

Sør-Koreas president Yoon Suk Yeol erklærte militær unntakstilstand tysdag kveld.

Militær unntakstilstand vil seie at militæret i eit land får særleg stor makt og høve til å styre meir enn tidlegare.

Sør- og Nord-Korea

Presidenten grunngav erklæringa med at politikarar i Det demokratiske partiet i landet skal ha nord-koreanske kontaktar. Sør- og Nord-Korea har sidan Koreakrigen (1950–1953) hatt eit konfliktfylt forhold.

Samarbeid mellom Nord-Korea og sørkoreanske politikarar kan derfor bli oppfatta som  trugande for Sør-Korea.

PRESIDENT: Yoon Suk Yeol, president i Sør-Korea. Foto: South Korea Unification Ministry / AP / NTB

Trakk tilbake erklæringa

Grunngivinga til presidenten viste seg rett nok ikkje å stemme. Etter oppmodingar frå andre politikarar, valte presidenten onsdag morgon å trekkje tilbake erklæringa om militær unntakstilstand.

Den politiske uroa har skapt stor misnøye blant politikarar og folk flest i Sør-Korea. Det siste døgnet har det vore store demonstrasjonar for at presidenten skal trekkje seg. Leiaren av for Det demokratiske partiet ønskjer no å stilla presidenten for riksrett.

Presidenten tilhøyrer Folkemaktpartiet. Leiaren for dette partiet, Han Dong-hoon, sa torsdag at han «krev at presidenten trekk seg frå partiet» og seier partiet ikkje forsvarar at presidenten prøvde å innføra unntakstilstand.

Les også: 5 fakta om Korea-krigen