Sørkoreanarar blei yngre i går

I går blei sørkoreanarar eitt eller to år yngre då Sør-Korea gjekk over til den internasjonale måten å telje alder på.

Tradisjonelt har alle sørkoreanarar hatt bursdag første nyttårsdag. Koreansk alder fokuserer nemleg på året du er født, ikkje månaden du er født. Koreansk alder tel også med tida eit barn er i magen.

Det vil seie at eit barn født 31. desember, allereie blir rekna å vere eitt år den dagen det blir født. Neste dag, 1. januar, er det plutseleg to år fordi kalenderen viser eit nytt år.

Alder er svært viktig i Sør-Korea, fordi det avgjer korleis ein snakkar til kvarandre. Dess eldre nokon er, dess høflegare ord må ein bruke.

Ønsker å unngå forvirring

Men alder blir ikkje berre telt på den tradisjonelle måten. Internasjonal alder, slik alder blir talt i Noreg, blir også brukt i Sør-Korea. Når nokon i Sør-Korea spør deg kor gammal du er, må ein ofte følge opp med spørsmålet: «Meiner du internasjonal alder eller koreansk alder?»

No er målet at det skal bli færre spørsmål og mindre forvirring, for frå i går av slutta Sør-Korea å bruke koreansk alder og den tradisjonelle måten å telje på. No har president Yoon Suk Yeol bestemt at sørkoreanarar hovudsakleg skal bruke internasjonal alder.

Men, ingen regel utan unntak. Framleis er det visse tilfelle der den koreanske alderen vil bli brukt, som når barn skal begynne på skulen og kva alder du har når du skal i militæret.