– Me begynte å grina av glede då me vann, fortel Isabell Åm (10).
Saman med 25 andre medelevar vann ho nyleg den regionale finalen av First Lego League – trass i at det var første gongen dei var med i konkurransen. No går turen til Trondheim og den skandinaviske finalen i å bygga og styra legorobotar.
Lærer masse
Utfordringa alle laga har fått denne gongen er å dykka ned i eit problem som folk som utforskar verdshava, står overfor. Laget skal jobba saman, undersøka, vera nyskapande og visa korleis laget og løysingane deira kan gjera ein forskjell og vera inkluderande.
Laget frå Dalane skule har jobba med ei løysing for å betre sikta til ein fjernstyrt undervassbåt.
– Me har same oppgåva, men me må berre bli betre. Me må øva meir, og laga nye program som me får til endå meir, seier Andreas Holsvikøy (12).
No øver dei heile veka, seks timar kvar dag på skulen. Det blir lite tid til vanlege fag, men elevane lærer masse likevel.
– Me lærer meir om data og matte, og å programmera, seier Ragne Hovdenakk Skjerdal (11). Alt kan vera nyttig å ha med seg når dei blir eldre.
Godt samhald
På fredag går turen til Trondheim for Kvalane frå Dalane, som laget kallar seg. Alle dei 26 elevane frå mellomtrinnet gler seg til å vera med.
– Eg gler meg aller mest til å sitja på i minibussen, seier Isabell Åm.
Konkurransen har allereie ført til at elevane har blitt betre kjent med kvarandre på tvers av klassetrinna.