Vann tre av sju prisar i First Lego League: – Det har vore ei kjempeoppleving

Då «Team Flamingo» fekk beskjed om at dei hadde kvalifisert seg til den skandinaviske finalen i First Lego League, trudde dei ikkje på det.

– Eg og nokre av dei andre på laget gret. Me hylte av glede og trudde ikkje at me hadde vunne, seier Maria Louise Liid (12).

Framtida Junior har tatt seg ein prat med eit av laga som deltok i ein av dei regionale First Lego league-turneringane i haust.

«Team Flamingo» med mellom anna Maria Louise Liid (12), Samuel Andrè Larsen (12), Nora Bech Alvestad (12) og Diana Mohammad (12) på laget, gjorde storeslem under den regionale konkurransen i Ålesund og omegn. Dei vann nemleg både marknadsføringsprisen (som er ein lokal pris i Ålesund), robotkonkurransen og den gjeve championprisen.

Det vart ei stor oppleving for laget, som fortel at dei har lært mykje av å vera med i konkurransen.

«Team Flamingo» både marknadsføringsprisen (som er ein lokal pris i Ålesund), robotkonkurransen og den gjeve championprisen i Ålesund.

Har utvikla pakkesporar

– Me har lært å jobba som eit lag, å inkludera og respektere kvarandre, seier Samuel.

– Me har lært veldig mykje som me ikkje ville lært i vanlege timar. Me må skriva, driva med programmering og så har me lært mykje matte, leggjer Nora til.

Årets oppdrag var varetransport, og elevane vart utfordra til å tenkja på idear til ulike måtar å transportere last på. «Team Flamingo» valde å utvikla eit system for å tjuverisikre pakkar.

– Me har utvikla eit system for tjuverisikring av pakkar som blir levert heim. Pakken er beskytta både med alarm, kamera og sporing. For å henta pakken må du scanna den først, seier Diana.

STORMANDE JUBEL: Elevane trudde ikkje på at dei hadde vunne den gjeve Championprisen, som tek dei vidare til den skandinaviske finalen i mars 2022. Då sigeren gjekk opp for dei, vart det stormande jubel.

Håpar på topp 10

Sjølv om det har vore travle veker etter at dei var ferdig med konkurransen, meiner elevane at det var verdt det.

– Det har vore mykje skule å ta att no, sidan me fokuserte veldig på konkurransen. Likevel har det vore ei kjempeoppleving, seier Nora.

No håpar sunnmørslaget at dei også vil ha gode moglegheiter i den skandinaviske finalen, som blir arrangert i mars neste år. Sidan dei har lagt mykje tid i modellen sin, trur dei at det kjem til å gå bra.

– Me håpar at me gjer det bra i den skandinaviske finalen, og me skal ikkje leggja skjul på at me har eit håp om å få ein topp 10-plassering i robotkonkurransen, seier dei.

Har klassen din lyst til å vera med på First Lego League neste år?

Her kjem «Team Flamingo» sine beste tips for å få ei god oppleving.

  • Start med robotprogrammering tidleg – her er det mykje å læra.
  • Få inspirasjon frå YouTube-videoer.
  • Det er lurt å vera godt førebudd.
  • Ver positiv.
  • Jobb hardt.