Vil gjera blindestokken betre – vann Champion-pris

Solveig (14), Tiril (13), Olav (15), Sondre (15) og Liv (14) frå Totland har dei siste månadane førebudd seg til verdas største kunnskap- og teknologiturnering, «First Lego League».

– Me håpar at det går vår veg. Alle er fornøgd med innsatsen som me har lagt ned i prosjektet, seier deltakarane i RoboMech 2.0 kvelden før den store finalen.

Og jammen gjekk det akkurat som dei hadde håpa – RoboMech 2.0 gjekk heilt til topps, og vann Champion-prisen. Totalt 25 lag var med i konkurransen.

First Lego League er ein tredelt konkurranse. Prosjekt-delen går ut på at laget skal forska på årets tema. I teknologi-delen skal laget programmera ein robot og få den til å løysa ulike hinder på ei robotbane. Til slutt er det også ein del som går på kjerneverdiar, som samlar alle kategoriane.

Laget fekk 2. plass både i robotkøyring og i teknologi-delen. Dette gjorde at dei vann Champion-prisen, som er den gjevaste i konkurransen.

Lukkelege vinnarar: RoboMech 2.0 gjekk av med Champion-prisen i First Lego League. Å vinna denne prisen betyr vanlegvis ei reise til skandinavisk finale, som i år skulle vera i Ålesund. På grunn av Korona, blir finalen på nett.
Foto: Privat

Digital konkurranse

– Det er litt kjedeleg at me ikkje får oppleva stemninga på sjølve dagen, men det er litt godt å sleppa stresset med det også, seier Liv.

På grunn av korona, var det i år for første gong digital finale. Då det ikkje var lov å møtast fysisk på VilVite, tenkte laget nytt. Grendahuset i nærleiken vart leigd, og dei samla seg for å sjå sendinga som vart sendt direkte på internett.

– Me har sendt inn videoar der me forklarer og går gjennom dei ulike delane i konkurransen, og gler oss til å følgja med, seier dei.

Oppgraderer blindestokken

– Me valde å fokusera på blinde og dei som har utfordringar med fysisk aktivitet, seier Olav.

Oppgradering: Laget ville modernisera blindestokken, som ikkje har blitt endra på sidan 1800-talet. Sensorar skal måla avstand og djubde, og senda signal til handflata om kor hindringa er. Foto: Privat

Årets konkurranse handla om å visa veg til ein morosam og aktiv livsstil for alle. RoboMech 2.0 valde å oppgradera blindestokken, og prosjektet deira fekk namnet MyEye.

– Me vil at den skal gi meir info til dei som er blinde eller svaksynte enn den blindestokken som finst i dag. Vår stokk har ein sensor som måler både djubde og avstand, og er på størrelse med ei lommelykt, seier dei.

Laget håpar at den ein dag kan bli ei vare som vil vera mogleg å få kjøpt i butikken.

– Me har snakka om å få den frå idè til produkt. Men då må me ha partnarar og ta patent, seier dei og legger til dei ser for seg at ein prototype på produktet vil kosta ca. 500.000 kroner.

Har intervjua blinde og svaksynte

– Det kjekkaste med prosjektet har vore å snakka med blinde og svaksynte. Me har gjort intervju med fleire, og produktet er blitt utvikla etter tilbakemeldingane me fekk, seier gruppa.

Dei fortel at dei gjerne skulle ha snakka med fleire.

– Det har for det meste gått fint, men me fekk ikkje tid til å intervjua like mange som me hadde tenkt, seier Tiril.

Dei fortel at dei også har vore i kontakt med Blindeforbundet.

– Dei var veldig positive og det er veldig kjekt, seier dei.