Slik vil «Space case» samla søppel i verdsrommet

First Lego League-laget frå Stord har funne ei løysing som vil hjelpa til med å løysa søppelproblemet i verdsrommet.

Så mykje romsøppel reknar ein med at det finst:

Større enn 10 cm: 29.000 bitar

1-10 cm store: 670.000 bitar

Under 1 cm: 170.000.000 bitar

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Søppel er eit stort problem på jorda. Men det er eit stort i verdsrommet også.

– Grunnen til det er at det er mange land som sender opp rakettar og satellittar, utan høve til å henta dei ned igjen. Utdaterte og øydelagde satellittar med restar av drivstoff kan eksplodera, i tusen små, men fortsatt farlege bitar og partiklar, fortel Elisabet Meyer Eide (11 1/2).

Vann to pokalar

Andre helga i november deltok laget «Space case» i First Lego League-turneringa i Kopervik med si løysing. Der vann dei både teknologiprisen og prisen for beste robotkøyring.

– Ideen vår er å senda opp ein rakett med eit slags nett, eller trålpose. Dette nettet skal fanga opp søppelet og senda det ned til jorda, der det vil brenna opp i atmosfæren. Fartøyet som driv denne trålposen, må halda same fart eller litt større fart enn gjenstanden som går i bane rundt jorda. Fartøyet får energi frå sola, og er fjernstyrt frå jorda, fortel Solfrid Steinsland (12).

Vil bruka edderkoppnett

Nettet i trålposen må vera ekstremt sterkt.

– Me har lese at forskarar har funne at edderkoppen svart enke lagar den sterkaste tråden. Dei har rekna at ein tråd som er like tjukk som ein blyant, kan stoppa eit Boeing 747-fly i fart, fortel Mathias Fjølstad.

– Den svarte enka si linesilke har supre eigenskapar. Den er seks gonger sterkare enn stål, og mjuk og veldig lett. Viss me hadde strekt ein edderkopptråd rundt jorda, så ville han voge mindre enn ein halv kilo. Han er dobbelt så elastisk som nylon og vassikker, og inneheld stoff som støyter vekk vatn, noko som hindrar nettet å tørka ut. Han kan strekkast 40 gonger si eiga lengd.