300 milliardar dollar til klimatiltak i fattige land: – Skuffa

Laurdag kveld vart landa på FNs klimatoppmøte i Aserbajdsjan samde om ein ny klimaavtale. Leiaren i Barnas klimapanel er skuffa.

Dette blei landa eininge om:
  • Industriland skal bidra med minst 300 milliardar dollar i året innan 2035. Dette gjeld mellom anna Noreg, USA og EU.
  • Det er mål om at heile verda skal jobbe mot 1300 milliardar dollar årleg innan 2035.
  • Utviklingsland blir oppmoda til å bidra til klimafinansieringa. Dette omfattar mellom anna India og Kina.
  • Pengane skal kunne bli gitt som bistand, privat investering, lån eller anna.
  • Det er ikkje vedtatt ei fordeling av kor mykje kvart enkelt land skal bidra med.

Kjelde: NRK

LES FAKTALUKK FAKTA

Etter å ha forhandla eit døgn på overtid, kom nyheita om at rike land skal betale 300 milliardar dollar – i overkant av 3000 milliardar kroner – årleg til fattige land.

Pengane skal gå til utsleppskutt og tilpassing til meir ekstremt vêr og andre konsekvensar av global oppvarming, skriv TV 2.

– Avtalen er skuffande. Dei løyver berre 300 milliardar dollar til klimafinansiering. Det er altfor, altfor lite. Me treng minst 1000 milliardar, seier han på Instagram-kontoen sin.

Han reagerer òg på at barn berre står nemnt éin gong i avtalen, og at dei ikkje nemner rettane til barn i det heile tatt.

MINISTERMØTE: Anna Halten Horn (14) og resten av Barnas klimapanel i møte med klima- og miljøminister Tore Sandvik på klimatoppmøtet. Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm, Miljøagentane

– Skulle ønske vi hadde kome vidare

Noregs klimaminister Tore O. Sandvik frykta at landa ikkje ville bli einige om eit mål, og er letta over at det vart ei løysing til slutt.

– Vi har no fått sett eit mål på over 3000 milliardar kroner årleg fram mot 2035. Dette vil gjere at finansieringa aukar. Noreg bidrar tungt og det skal vi framleis gjere, seier Sandvik i ei pressemelding.

På klimatoppmøtet i Baku vart landa òg samde om å halde fram å jobbe mot utsleppskutt i tråd med 1,5 gradarsmålet. Noreg leia forhandlingane om utsleppskutt saman med Sør-Afrika. Noregs klimaminister erkjenner at utfallet av forhandlingane vart svakare enn dei ønskte.

– Vi skal levere på 1,5-gradarsmålet. Vi skulle ønske vi hadde kome vidare. Men dei viktige bestemmingane om utsleppsreduksjonar frå i fjor står framleis ved lag, seier han.