Unge lesarar på 5., 6. og 7. trinn har i løpet av hausten lese utdrag frå ti norske bøker i aldersgruppa 10-12 år. Dei har diskutert og stemt fram kva fem bøker dei meiner skal bli superfinalistar i Bokslukerprisen. Dei utvalde er:
Jakob på vippepunktet av Nina Borge, illustrert av Tonje-Mari Clausen. Gyldendal 2024.
Gutta krutt og gledesdreperen av Alexander Istad, illustrert av Espen Meling Sele. Cappelen Damm 2023.
Ulv ulv av Elin Viktoria Unstad. Vigmostad & Bjørke 2023.
Villdyr av Håkon Marcus. Aschehoug 2023.
Max Manus av Andreas K. Iversen. Kagge 2024.
No skal juryklassane kåra vinnaren
No skal juryklassar frå ulike regionar i gang med å lesa bøkene og deretter stemma fram ei vinnarbok. Bokslukarprisen blir delt ut i Oslo 23. april 2025, i samband med Verdens Bokdag. Aktivitetsnivået har vore høgt i klasserom og bibliotek denne hausten.
– Det er eit imponerande, og stort arbeid skulane har lagt ned i Bokslukerprisen denne hausten. Med prisen vil me at lesarane skal bli engasjerte, snakka med kvarandre om bøkene og få eit innblikk i nyare norsk litteratur. Tekstane i år har tydeleg skapt leseglede og mange gode opplevingar rundt omkring i landet. Det kjem tydeleg fram i stemmetala og i meldarfeltet på bokslukerprisen.no. Alle involverte kan vera stolte av innsatsen, seier prosjektansvarleg for Bokslukerprisen i Foreningen !les, Christian Goveia Jacobsen.
– Blant superfinalistane er det ei god blanding av tekstbøker, illustrerte bøker og teikneseriar. Det er skjønnlitterære spenningsbøker, humor, drama og historisk sakprosa. No blir det interessant å sjå korleis bøkene i sin heilskap blir motteke av juryklassane, seier han.
Juryklassane er:
7.trinn, Klevstrand skule, Telemark
7A, Skarpengland skule, Agder
6B, Vestli skule, Oslo
6.klasse, Valle skule, Agder
5A, Nylund skule, Rogaland
6.trinn, Sagvåg skule, Vestland
6.trinn, Midtbygda og Harpefoss skula, Innlandet
5A, Selnes skule, Troms
7.4, Elvetangen skule, Akershus