– Kva kjem til å skje med Noreg, no når Trump er valt til president i USA på ny?
– Noreg kjem til å vera eit trygt land for det. Det er viktig å hugsa på. Så brukar me mykje meir pengar på forsvar i Noreg no, fordi Russland har den fæle krigen mot Ukraina. Det gjer me for at me ikkje vil at det skal bli krig i Noreg nokon gong, seier Trygve.
Han peikar på at det gjekk fint med samarbeidet mellom Noreg og USA sist gong Trump var president.
– Det kjem nok til å bli mange medieoppslag og mykje uro. Trump er jo ein fyr som ikkje er så grei når han uttalar seg. Han er veldig hard. Men at Noreg kjem til å samarbeida mykje med USA òg framover, det føler me oss ganske trygge på.