31. oktober blir divali feira i India og Pakistan. Det er ein lysfestival med mykje fyrverkeri. Men fyrverkeriet får luftkvaliteten til å bli dårlegare enn han allereie er, ifølge CNN.
Nettstaden IQAir måler luftkvaliteten over heile verda. Måndag var den pakistanske byen Lahore den mest forureina byen i verda. På andreplass låg Delhi i India.
I Delhi er det forbode å bruke og selje kinaputtar før festivalen, i eit forsøk på å minske luftforureininga.
