Delhi var den mest forureina hovudstaden i verda i 2023

Luftforureining er eit alvorleg problem i hovudstaden i India.

Selskapet IQAir overvaker luftkvaliteten i verda. Dei har funne ut at Delhi i India var den mest forureina hovudstaden i 2023, skriv BBC.

I tillegg var India det tredje mest forureina landet i verda. Nabolandet Bangladesh var det mest forureina landet, og Pakistan kom på andreplass. Noreg kom på plass nummer 120.

Lufta i India var så forureina i fjor at myndigheitene måtte stenge skular og universitet. Grunnen til luftforureininga er rask industrialisering og dårleg kontroll av miljølover.