Refleksdagen 2024: – Barn er dei aller flinkaste i samfunnet

Torsdag 17. oktober blir refleksdagen markert over heile landet. Dagen har som mål å påverke folk til å bli flinkare til å bruke refleks, noko barn allereie er gode på.

– Barn er dei aller flinkaste i samfunnet til å bruke refleks, fortel Christopher Solstad Steen i Trygg Trafikk til Framtida junior.

Kvart år den tredje torsdagen i oktober rettar Trygg Trafikk fokus på viktigheita av refleksbruk.

Bruker du refleks i mørket?

Bruker du refleks i mørket?

Ja87
Nei11
Svar totalt: 98

Å bruke refleks er den enklaste og beste måten å vere synleg i trafikken på, skriv Trygg Trafikk på sine sider.

Sjølv om norske barn er svært gode på dette, er det berre 48 prosent av vaksne som bruker refleks når dei er ute i mørket. No oppmodar Trygg Trafikk dei vaksne til å hugse på kva dei lærte som barn.

Sjå forskjellen på synlegheit når ein bruker refleks og når ein ikkje bruker refleks her: