WHO godkjenner «mpox»-vaksine for unge

Verdas helseorganisasjon har godkjent ein vaksine mot m-koppar for unge mellom 12 og 17 år.

Saka er oppdatert med kommentar frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Måndag gjekk Verdas helseorganisasjon (WHO) ut og godkjente det danske selskapet Bavarian Nordics sin vaksine mot m-koppar til unge i alderen 12–17 år, melder nyheitsbyrået Reuters.

Vaksinen Jynneos er allereie godkjent for bruk blant vaksne, og er godkjent for 12–17-åringar av EU.

Global helsekrise

M-koppar har råka Kongo og andre afrikanske land hardt i fleire omgangar. I august erklærte WHO utbrotet for ei global helsekrise.

Sjukdommen vart tidlegare kalla «apekoppar», og smittar gjennom tett hudkontakt.

Nordmenn treng ikkje vera bekymra

I august uttala vaksineforskar ved Universitetet i Oslo, Gunnveig Grødeland, til VG at Noreg burde vurdera å innføra koppevaksinen att for alle barn.

Fagdirektør for avdeling for smittevern og vaksine avkreftar ovanfor Framtida.no at det er aktuelt.

– For innføring i barnevaksinasjonsprogrammet må sjukdommen vera ein reell helsetrussel. Det er lite som tyder på at m-koppar vil utgjera ein slik trussel blant barn i Noreg. Tilgangen på vaksine er dessutan avgrensa globalt. Den tilgjengelege vaksinen bør primært brukast i dei affiserte afrikanske landa som har betydeleg dårlegare helsetilbod enn me har i Noreg, skriv Andersen.