Tilbyr koronavaksine for barn mellom 5 og 11 år

No får barn mellom 5 og 11 år tilbod om å koronavaksine. Vaksinen er frivillig, og det er foreldra som bestemmer om dei vil eller ikkje vil vaksinera barna sine.

– Det vil vera eit tilbod om gratis vaksinasjon for barn, viss foreldre eller føresette ønskjer det, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding.

Kjerkol fortel i pressemeldinga at sjølv om det er svært sjeldan at barn blir alvorleg sjuke av koronaviruset, er det avgrensa kunnskap om sjeldne biverknader eller biverknader som kan komma etter lang tid.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol på ei pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Birgitte Vågenes Bakken

Spesielt aktuell for nokre grupper

Folkehelseinstituttet (FHI) ikkje har ei spesiell oppmoding om at alle barn mellom 5 og 11 år skal vaksinerast, men likevel opnar dei opp for at alle foreldre og føresette får tilbod om vaksine til barna sine. Den vil spesielt vera aktuell for nokre grupper.

Døme på slike grupper er barn med kroniske sjukdommar, familiar der barn har nær kontakt med personar som kan bli ordentleg sjuk dersom dei får korona, eller barn som skal vera i land der dei kan bli smitta og det er dårleg tilgang til sjukehus og helsehjelp. I tillegg vil det også vera aktuelt for barn som av andre grunnar enn dei nemnde, er i ein særleg utsett situasjon.

Les også: Får endeleg ta koronavaksinen: – Veldig takksam

12–15 år kan få dose to

I tillegg til å opna for vaksine for 5–11-åringar, anbefalar FHI at barn i alderen 12–15 år kan få tilbod om dose to. Dei har ikkje ei generell oppmodning om å ta den, men det vil vera eit tilbod til dei som ønskjer det.

– Regjeringa følgjer Folkehelseinstituttets oppmoding når det kjem til vaksinasjon av barn og unge. Dette er frivillig, og foreldre må avgjera om dei ønsker å vaksinera barnet sitt. Vi støttar òg FHI i at kommunane bør vera forsiktige med å vaksinera på skulane, fordi tilbodet då kan oppfattast som ei oppfordring frå styresmaktene om å ta vaksinen. Slik sett kan det opplevast mindre frivillig, seier Kjerkol.

Les også: Korleis fungerer eigentleg ei vaksine?