Nobels fredspris 2024 går til japansk organisasjon

Det er den japanske organisasjonen Nihon Hidankyo som får årets fredspris.

Atomvåpen
  • Den kraftigaste typen våpen som finst.
  • Atomvåpen kan føre til store øydeleggingar og skadar på kort tid.
  • Det blir sendt ut mykje radioaktiv stråling når atomvåpen blir brukt – stråling som kan føre til helseproblem for menneske og dyr, og gjere store skadar på naturen og miljøet.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Nihon Hidankyo er ein organisasjon for overlevande etter atombombeåtaka i Hiroshima og Nagasaki i Japan i 1945.

No har dei vunne Nobels fredspris for sitt forsøk på å oppnå ei verd fri for atomvåpen.

I tillegg får dei prisen for å ha vist konsekvensane av bruk av atombomber og kvifor det aldri må brukast igjen.

Kva er Nobels fredspris?

Nobels fredspris er ein internasjonal pris som blir delt ut årleg av Den Norske Nobelkomité.

Det var den svenske oppfinnaren Alfred Nobel som starta fredsprisutdelinga. Han ville at fredsprisen skulle gå til den eller dei som hadde gjort mest arbeid for fred mellom folk.

Fredsprisen blir delt ut 10. desember i Oslo rådhus – Alfred Nobels dødsdag.